SMS og brev frå Valdirektoratet

I desse dagar sender Valdirektoratet SMS og brev til stemmeføre ved kommunestyre- og fylkestingvalet 2023.

Tiltaka er meinte som hyggjelege og informative påminningar om førehandsstemmeperioden, valdagen og betydninga av å nytte stemmeretten.

Både brev og SMS blir sendt uavhengig av om ein har førehandsstemt eller ikkje, og sendes på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet.

Påminning på SMS

Torsdag 31. august får dei aller fleste stemmeføre over heile landet denne SMS-meldinga med Valg.no som avsendar:

Hei.

Hugs valdagen 11. september. Du kan førehandrøysa til og med 8. september. Demokratiet treng røysta di.

Godt val!

Helsing Valdirektoratet

Kven får SMS?

Meldinga blir send til stemmeføre som er registrert med eit norsk mobilnummer i kontakt- og reservasjonsregisteret, og som ikkje har reservert seg mot digital kommunikasjon med det offentlege.

Meldinga blir send til i overkant av 3.9 millioner stemmeføre.

Brev til veljarar med innvandrarbakgrunn

Om lag 250 000 veljarar med innvandrarbakgrunn som har fått stemmerett til kommunestyre- og fylkestingval dei siste åtte åra får eit brev i posten, med praktisk informasjon om valet og ei oppmoding om å nytte stemmeretten sin.

Sjå brevet som blir sendt til veljarar med innvandrarbakgrunn.

Kvifor sender vi brev?

Vi veit at det det er lågare valdeltaking blant stemmeføre med innvandrarbakgrunn enn i befolkninga elles.

Analysar av informasjonstiltaka frå kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 tyder på at brev til veljarar med innvandrarbakgrunn er eit effektivt tiltak som gir mottakaren praktisk informasjon om valet.

Tidlegare har også forsøk med utsending av brev til veljarar med innvandrarbakgrunn vist at dette har effekt på valdeltakinga, og at effekten er større ved lokalval enn ved stortingsval.