Pressesider

Alle presseførespurnader til direktoratet går via pressetelefonen eller på e-post.

Publisert:

Kontaktinformasjon for pressa

Pressetelefon: 482 17 853

E-post: redaksjonen@valg.no

Pressetelefonen er betent i tidsrommet 08.30–16.00.

For andre førespurnader: 33 41 29 40

Kunngjeringar som skal nå alle innbyggjarar, blir annonserte i aviser som er listeførte i DIFI for statsannonsering.

Logging av presseførespurnader

Presseførespurnader til Valdirektoratet blir logga i datasystemet CIM. Vi loggfører dato, medium, førenamn og etternamn på journalist, telefonnummer, e-postadresse, kva saka gjeld og eventuell e-postutveksling.

Opplysningane blir berre brukte internt i kommunikasjonsavdelinga, og det skjer inga utlevering av opplysningane.

Dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjonen og førespurnaden skal loggast, eller du ønskjer at opplysningane som er lagra skal slettast, kan du ta kontakt med pressekontakten.

Tilgang til API

Valdirektoratet har avtale med ei rekkje medieaktørar som får tilgang til EVA for å kunne leggje ut valresultata på eigne plattformer. Fristen for å inngå ein slik avtale er ved utgangen av februar i valåret.

Bilete til pressebruk

Du finn eit utval av bilete og illustrasjonar her.

Vallogo

Bruk av logo må skje i samsvar med reglane for bruk av riksvåpen som er fastsette i kongeleg resolusjon.

Her finn du vallogoen.