Søkje om tilskot

I oktober året før kvart val er det mogleg å sende inn søknad om tilskotsmidlar til informasjonstiltak. Søknadsfristen er 15. november same år.

Publisert:

Målet med tilskotsordninga er å auke kunnskapen om valet hos dei med røysterett og å auke valdeltakinga.

Tilskotsmottakar kan få dekt utgifter knytte til informasjonstiltak som kampanjar, nettsider, produksjon og distribusjon av informasjonsmateriell og så vidare.

Informasjon om søknadsprosessen finst i forskrifta om tilskot til informasjonstiltak.

Prioriterte målgrupper

Tiltak retta mot unge veljarar, veljarar med innvandrarbakgrunn og veljarar med behov for særskilt tilrettelagd informasjon blir prioriterte.

Kven kan søkje tilskot?

Organisasjonar og andre aktørar som er registrerte i einingsregisteret/ frivilligregisteret kan søkje om tilskot. Tiltaket det blir søkt om tilskot om, må vere partipolitisk nøytralt. Einskildpersonar, kommunar, fylkeskommunar og politiske parti kan ikkje søkje om dette tilskotet.

Løyver totalt 5,5 millionar

Tilskotsordninga er på 5 537 000 kroner. Valdirektoratet tek atterhald om at Stortinget vedtek løyvinga før tilskot kan utbetalast. Erfaringsmessig blir det søkt om meir tilskot enn det er midlar til. Det er difor mogleg at søknader som blir innvilga, får tildelt mindre tilskot enn det er søkt om.

Slik søkjer du tilskot

Neste sjanse til å søkje tilskot er i samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023.

Søknadsfrist er 15. november 2022.

Tilskotsordninga blir forvalta av Valdirektoratet. Ved spørsmål om ordninga, kontakt oss på post@valg.no.