Rapportering og oppfølging

Alle som får tilskot til informasjonstiltak frå Valdirektoratet, skal levere rapport og rekneskap for tiltaket.

Publisert:

Rapportering skal gjerast gjennom Valdirektoratet sitt elektroniske rapporteringsskjema innan 30. november 2021. Alle tiskotsmottakarar fekk adgang til dette skjemaet 1. oktober 2021. Valdirektoratet forventar at tilskotsmottakarane gjev ei utfyllande skildring av korleis tilskotsmidlane er brukte og at denne samsvarar med prosjektskildringa.

Rekneskap

Alle tilskotsmottakarar må levere rekneskap der det tydeleg kjem fram kva tilskotsbeløpet er nytta til. Rekneskapen skal leggjast ved det elektroniske skjemaet. Eventuelt kan rekneskap sendast Valdirektoratet på e-post til post@valg.no.

For tilskot på 100 000 kroner eller meir skal tilskotsmottakar i tillegg dokumentere gjennomførte tiltak/prosjekt med rekneskap attestert av statsautorisert revisor. Denne rekneskapen skal vere Valdirektoratet i hende innan 30. juni 2022.

Dersom ikkje alle tilskotsmidlane blir brukte opp, skal dette betalast attende til Valdirektoratet snarast etter valet og seinast innan 10. desember 2021.

Rapportering skal gjerast gjennom Valdirektoratet sitt elektroniske rapporteringsskjema innan 30. november 2021. Valdirektoratet forventar at tilskotsmottakarane gjev ei utfyllande skildring av korleis tilskotsmidlane er brukte og at denne samsvarar med prosjektskildringa.

 

Rekneskap

Alle tilskotsmottakarar må levere rekneskap der det tydeleg kjem fram kva tilskotsbeløpet er nytta til. Rekneskapen skal leggjast ved det elektroniske skjemaet. Eventuelt kan rekneskap sendast Valdirektoratet på e-post til post@valg.no.

 

For tilskot på 100 000 kroner eller meir skal tilskotsmottakar i tillegg dokumentere gjennomførte tiltak/prosjekt med rekneskap attestert av statsautorisert revisor. Denne rekneskapen skal vere Valdirektoratet i hende innan 30. juni 2022. Dersom ikkje alle tilskotsmidlane blir brukte opp, skal dette betalast attende til Valdirektoratet snarast etter valet og seinast innan 10. desember 2021.