Legitimasjon

Du må ha med legitimasjon når du skal stemme. Det er ikkje nok å ha med valkort, eller å oppgi namn og fødselsdato.

Når du stemmer må det vere mogleg å kontrollere at du er den du gir deg ut for å vere. Du må derfor vise legitimasjon dersom du er ukjend for valmedarbeidaren som tek imot stemma di. Andre personar i vallokalet kan ikkje gå god for identiteten din.

Kva er godkjent som legitimasjon?

Døme på legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) og bankkort med bilete. Det er mogleg å nytte andre former for legitimasjon, men minstekravet er at det må innehalda namn, fødselsdato og bilete. Det er opp til valmedarbeidaren å vurdere om legitimasjonen du har med kan godkjennast.

Valmedarbeidaren skal utvise skjønn ved vurdering av legitimasjon som blir lagd fram. Så lenge legitimasjonen din viser at du er den du gir deg ut for å vere, blir det rekna som godt nok. Dette gjeld også sjølv om legitimasjon eventuelt har gått ut på dato.

Unntak ved stemming på institusjon

Dersom du er bebuar ved ein helse- og omsorgsinstitusjon eller i eit fengsel og ikkje har legitimasjon, kan ein tilsett gå god for at du er den du seier at du er. I slike tilfelle må den tilsette legitimere seg. Det er ikkje høve for andre veljarar å gå god for identiteten din.