Valsystemet EVA

Valsystemet EVA er det sentrale IT-systemet som kommunar og fylkeskommunar nyttar i førebuing og gjennomføring av val.

Publisert:

Kort fortalt registrerer kommunane, fylkeskommunane og Sametinget all informasjon om den praktiske valgjennomføringa i EVA. Døme på dette er registrering av om det skal gjennomførast eitt- eller todagarsval, kva for vallokale som skal brukast, opningstider for vallokale m.m. Vidare registrerer dei parti som skal stille til val og kva kandidatar som stiller for dei ulike partia. Endeleg blir alle manntalsførte registrerte i EVA. Denne prosessen skjer i eit samarbeid mellom Valdirektoratet og Skatteetaten.

Informasjonen blir brukt som grunnlag for røystesetlar og valkort, og han blir i tillegg avgjerande for korleis EVA gjev systemstøtte til kommunar og fylkeskommunar for mottak av røystegjevingar og oppteljing av valresultat.

EVA er hovudsystemet for valgjennomføringa, og maskinell oppteljing av røystesetlar blir automatisk lagd inn. Ved manuell teljing må tala leggjast inn manuelt. I tillegg bruker ein informasjonen i EVA som grunnlag for valresultat som blant anna blir publisert på valgresultat.no og gjeve til media på valkvelden.

Valdirektoratet bruker EVA som grunnlag for rapportering og som informasjonsgrunnlag for å kunne gje kommunar og fylkeskommunar best mogleg støtte og bistand, for å oppnå ei korrekt og sikker valgjennomføring.

Her kan du lese meir om Eva og korleis systemet blir brukt.

Valdirektoratet gjev tilgang til to personar i kvar kommune, fylkeskommune og Sametinget. Dette er dei valansvarlege som er lokalt ansvarlege for den praktiske valgjennomføringa. Desse gjev naudsynte tilgangar til valmedarbeidarar i sine kommunar og fylkeskommunar som er avgrensa ut frå kva funksjon desse skal ha.

Kommunal- og distriktsdepartementet har også tilgang til systemet, for å kunne vareta rolla si som sekretariat for Riksvalstyret.

Valdirektoratet har også tilgang til EVA, og den informasjonen kommunar, fylkeskommunar og Sametinget har lagt inn. Også i Valdirektoratet er tilgangen avgrensa ut frå kva arbeidsoppgåver dei ulike tilsette har.

Hovuddelen av data som blir registrert i EVA er offentleg informasjon som ikkje er hemmeleg eller personsensitiv. Dette er også data Valdirektoratet deler med andre aktørar.

Det finst to unntak:

  • Manntalet

    Dette er registeret over dei som har røysterett ved det gjeldande valet. Det avkryssa manntalet er ikkje offentleg informasjon. Før avkryssing skjer, er manntalet offentleg; Kommunane legg ut ein papirversjon av manntalet til offentleg gjennomsyn. Dette ligg ute fram til og med valdagen.

 

  • Valresultat før 21:00 på valdagen.

    For å sikre at ingen blir påverka, skal ikkje resultat for oppteljingane opplysast før alle vallokala stengjer.

EVA Admin er sikra i fleire nivå og tryggleiksmekanismane for tilgang til systemet er verifisert av Nasjonalt tryggingsorgan.

Døme på tryggingstiltak som er sette i verk:

  • Trafikk mot EVA blir overvaka og registrert
  • Det er avgrensa kven som har tilgang til EVA og kva funksjonar ein har tilgang til
  • Tilgang til EVA kan trekkjast attende av Valdirektoratet
  • Dei som har tilgang, må identifisere seg via Id-porten (bankID, Buypass o.l.)
  • Handlingane til dei som har tilgang, blir registrerte og kan følgjast opp i systemet

I tillegg til sikring av IT-systemet EVA ligg det kontrollmekanismar i valgjennomføringa som sikrar at kompromittering av IT-system ikkje i seg sjølv er tilstrekkeleg til å påverke valresultat – kontrollmekanismane er ikkje bundne til om, eller kva for ei IT-løysing som er brukt.

Vidare er mykje av den informasjonen som ligg i EVA også tilgjengeleg andre stader og kan difor etterprøvast:

  • Opplysningar om fylkeskommunar og kommunar med valkrinsar finst hos Kartverket
  • Manntalet ligg hos Skattedirektoratet

Røystesetlane finst i papirutgåve og blir tekne vare på av fylkeskommunen etter valet.

I sum tyder dette at EVA i stor grad berre samlar og organiserer informasjon på ein effektiv og trygg måte, for å sikre ei korrekt og sikker valgjennomføring.

Forvaltninga av systemet EVA skjer i tett samråd med kommunane og fylkeskommunane. Dei er med på å definere ønskt funksjonalitet og bidreg aktivt i brukartesting av systemet. Dette kjem i tillegg til grundig testing på ei rekkje nivå i eigen regi; legalitetstesting, automatisert funksjonell testing, integrasjonstesting, testing av yting, sårbarheit, tryggleik og penetrasjonstesting.