Roller og ansvar
I Noreg er det kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret for å gjennomføre val. Kommunal- og distriktsdepartementet, Valdirektoratet og Riksvalstyret har også sentrale oppgåver og ansvarsområde.
Rollene og ansvaret for valgjennomføringa er inndelt i eit tydeleg hierarki. Kommunal- og distriktsdepartementet har det overordna ansvaret for valordninga og regelverket i Noreg, medan Valdirektoratet har det operative ansvaret på statleg nivå. Lokalt er det valstyra i kommunane og fylkesvalstyra og distriktsvalstyra i fylkeskommunane som er ansvarlege for å gjennomføre val i sine valdistrikt.
Kommunen sitt ansvar
Kommunane er den aktøren som er nærast veljaren, og har ansvaret for den praktiske førebuinga og gjennomføringa av val i sin kommune.
Valstyra i kommunane skal blant anna:
- Behandle partia sine listeforslag ved kommunestyreval.
- Rekruttere valmedarbeidarar og utpeike ein leiar og nestleiar for kvart vallokale til å leie stemmemottakinga og oppteljinga.
- Bestille utstyret dei treng for å gjennomføre val.
- Finne eigna lokale til førehandsstemming og på valdagen.
- Gjennomføre stemmemottakinga og telje opp stemmene som har vorte gjevne.
- Utføre valoppgjer ved kommunestyreval, noko som inneber mandatfordeling og kandidatkåring før det nye kommunestyret.
- Yte rettleiing til veljarane om rettar, fristar og praktisk gjennomføring.
Kommunestyret si godkjenning av valet
Det nyvalde kommunestyret har det overordna ansvaret for å godkjenne kommunestyrevalet i sin kommune. Kommunestyret behandlar valoppgjeret og fattar vedtak om at valet er gyldig og at dei valde representantane har rett til å tre inn i kommunestyret.
Fylkeskommunen sitt ansvar
Fylkeskommunen har ansvaret for å førebu og gjennomføre fylkestingsval og stortingsval i sitt område. Fylkestinget vel eit fylkesvalstyre ved fylkestingsval og eit distriktsvalstyre ved stortingsval.
Ansvaret til fylkesvalstyret og distriktsvalstyret
Fylkesvalstyret (ved fylkestingsval) og distriktsvalstyret (ved stortingsval) har i hovudsak same ansvar for sitt respektive val. Dei skal:
- Behandle partia sine listeforslag.
- Kontrollere kommunane sine oppteljingar.
- Gjennomføre valoppgjeret med mandatfordeling og kandidatkåring.
Fylkestinget si godkjenning av valet
Det nyvalde fylkestinget har det overordna ansvaret for å godkjenne fylkestingsvalet i sin fylkeskommune. Fylkestinget behandlar valoppgjeret frå fylkesvalstyret og fattar vedtak om at valet er gyldig og at dei valde representantane har rett til å tre inn i fylkestinget.
Statlege roller og ansvar
Valdirektoratet
Valdirektoratet har det operative ansvaret på statleg nivå for førebuing og gjennomføring av stortings-, kommunestyre- og fylkestingsval, samt direkte val til kommunedelsutval. Direktoratet bistår også Sametinget og Longyearbyen lokalstyre med deira val.
Valdirektoratet si rolle er å rettleie kommunar og fylkeskommunar i regelverk, system og rutinar, i tillegg til å drive den overordna informasjonen til veljarane om når, kor og korleis dei kan stemme. Direktoratet driftar og utviklar òg dei sentrale elektroniske valsystema.
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD)
Departementet har det overordna ansvaret for valordninga, valregelverket og rammevilkåra for val i Noreg. KDD har etatsstyringsansvaret for Valdirektoratet.
Riksvalstyret
Riksvalstyret handsamar klager ved både stortingsval, kommunestyreval og fylkestingsval, og er eit uavhengig statleg organ som blir oppnemnt av Stortinget for fire år etter kvart stortingsval.
Kommunal- og distriktsdepartementet oppnemner eit sekretariat for riksvalstyret. Sekretariatet er uavhengig i sitt arbeid med å førebu saker for riksvalstyret.
Stortinget
Stortinget har det overordna ansvaret for å kontrollere og godkjenne sine eigne representantar sine fullmakter samt avgjere om eit stortingsval er gyldig.
Prosessen blir førebudd i to steg:
- Den førebuande fullmaktskomiteen: Blir vald av det sitjande Stortinget før valet. Den går gjennom rapportar frå valdistrikta og Riksvalstyret, og utarbeider ei førebels innstilling om fullmaktene og valgjennomføringa.
- Fullmaktskomiteen i det nye Stortinget: Blir vald når det nye Stortinget samlast. Den overtar den førebelse innstillinga, vurderer om det har oppstått feil eller kommet inn klager som kan ha påverka valresultatet, og leverer sin endelege innstilling før Stortinget fattar sitt vedtak om valet skal godkjennast.