Stortingsval

Når du røystar ved stortingsval, er du med på å avgjere kven dei 169 representantane er, som skal sitje i Noregs lovgjevande, løyvande og kontrollerande forsamling dei neste fire åra.

Publisert:

Stortinget sine hovudoppgåver er å vedta lovene vi skal leve etter i Noreg, avgjere korleis staten skal få inntektene sine og korleis pengane skal fordelast i samfunnet, og å kontrollere regjeringa. På Stortinget sine sider kan du lese meir om kva Stortinget er og kva for nokre oppgåver dei har.

Røysterett ved stortingsval

Røysteretten ved stortingsval er ålmenn, noko som inneber at røysteretten ikkje er innskrenka på bakgrunn av kjønn, religion, etnisitet, eigedomsinnehaving eller andre gruppeinndelingar. Likevel må du oppfylle nokre krav for å kunne røyste ved stortingsval.

Du må

  • vere norske statsborgar
  • ha fylt 18 år innan utgangen av valåret
  • vere, eller nokon gong ha vore, folkeregisterført som busett i Noreg

Samansetjinga av Stortinget

Stortinget består av 169 representantar frå 19 valdistrikt og fordelte på 150 direktemandat og 19 utjamningsmandat. Valdistrikta i Noreg samsvarar med fylkesinndelinga slik ho var før regionreforma.

Fordelinga av mandat mellom valdistrikta blir gjord i forkant av kvart stortingsval og rekna ut på bakgrunn av innbyggjartal og areal i dei 19 valdistrikta.

Ved stortingsvalet 2025 gjeld følgjande fordeling.

Valdistrikt

Antal mandat 2025

Østfold

9

Akershus

20

Oslo

20

Hedmark

7

Oppland

6

Buskerud

8

Vestfold

7

Telemark

6

Aust-Agder

4

Vest-Agder

6

Rogaland

14

Hordaland

16

Sogn og Fjordane

4

Møre og Romsdal

8

Sør-Trøndelag

10

Nord-Trøndelag

5

Nordland

9

Troms Romsa

6

Finnmark Finnmárku

4