Det er fleire krav som må oppfylles for at eit listeforslag kan godkjennes. Valdirektoratet har utarbeida ein mal mal for innlevering av listeforslag til stortingsvalget 2021. Denne malen finner du i botnen av denne artikkelen. Det er ikkje eit krav at dei som stiller liste brukar denne malen, men den gjer det enkelt å oppfylle krava valloven stiller til eit listeforslag. Bruk av malen lettar også arbeidet for valmedarbeidarar i fylkeskommunene når dei skal handsame listeforslaga.
Frå oktober er det også mogleg å bruke ei digital løysing for å stille listeforslag og samle inn underskrifter. Det er mogleg å bruke denne løysinga aleine eller i kombinasjon med fysisk innhenting av underskrifter.
Ønskjer du heller å lage ditt eige skjema eller treng du meir utfyllande informasjon? Les vår fullstendige gjennomgang av krava til listeforslag og handsaming av disse i samsvar med valboka.
Resten av denne rettleinga veiledningen tar utgangspunkt i at malen frå Valddirektoratet blir brukt.
Formelle krav og fristar
Det er lurt å merke seg nokre formelle krav og fristar:
- Alle parti og grupper som ønskjer å stille til val, må levere listeforslag til valstyret i fylkeskommunen som er ansvarleg for valdistriktet dei ønskjer å stille til val i.
- Frist for å levere listeforslaget er 31. mars kl. 12.00. På dette tidspunktet må listeforslaget ha kome fram til valstyret i fylkeskommunen. Parti og grupper som ikkje kjem inn under reglane om forenkla handsaming, må samle inn eit visst tal underskrifter på listeforslaget frå personar med røysterett i det valdistriktet lista skal stille.
- Underskriftene er underlagt teieplikt og skal ikkje bli offentleggjord.
- Ei oversikt over fødselsdatoane til kandidatane må følgje listeforslaget.
Utfylling av listeforslag
Ferdig bretta består malen av to sider for standard (A4). På sida med listekandidatar skal følgjande stå:
- Listeforslagets overskrift
- Kva for valdistrikt listeforslaget tilhøyrer
- Kva for val listeforslaget gjeld for
- Kandidatane som stiller til val
På påfølgjande side(r) skal listeforslaget underskrivast. Den som skriv må føre opp:
- Fullstendig namn
- Bustadsadresse med postnummer
- Fødselsdato
- Signatur
Alle som stiller listeforslag skal ha ein tillitsvald og en varatillitsvald. Tillitsvalde har myndigheit til å forhandle med valstyret i fylkeskommunen om endringar på listeforslaget. Kven dette er, skal førast på listeforslaget:
- Før opp «tillitsvald», eller «vara» ved namnet til vedkommande.
- Dette bør være dei to øvste underskriftene.
- Dersom fleire underskrivarar skal fungere som tillitsvalde, med muligheit til å trekke tilbake listeforslag, bør dette også førast opp i listeforslaget. Kontaktopplysningar til dei tillitsvalde bør førast opp.
Dersom listeforslaget ikke oppfyller lovkrava, skal valmyndigheita og listestillaren forsøke å få listeforslaget i samsvar med loven.