Levere listeforslag
Fristen for å levere listeforslag er 31. mars kl 12. Sjå kva krav som gjeld og korleis du leverer listeforslaget ditt.
Det er fleire krav som må oppfyllast for at eit listeforslag kan godkjennast. Valdirektoratet har difor utarbeidd ein mal for innlevering av listeforslag til stortingsvalet 2021. Denne malen finn du i botnen av denne artikkelen. Det er ikkje eit krav at dei som stiller liste, bruker denne malen, men han gjer det enkelt å oppfylle krava i vallova til eit listeforslag. Bruk av malen lettar også arbeidet for valmedarbeidarar i fylkeskommunane når dei skal behandle listeforslaga.
Ønskjer du likevel å lage ditt eige skjema eller treng du meir utfyllande informasjon? Då bør du lese den fullstendige gjennomgangen av krava til listeforslag og behandling av desse i valhandboka.
Resten av denne rettleiinga tek utgangspunkt i at malen frå Valdirektoratet blir brukt.
Formelle krav og fristar
Det er lurt å merke seg nokre formelle krav og fristar:
- Alle parti og grupper som ønskjer å stille til val, må levere listeforslag til valstyret i fylkeskommunen som er ansvarleg for det valdistriktet dei ønskjer å stille til val i.
- Det er opp til valstyra kvar og korleis dei ønskjer å få listeforslaga leverte. Sjå nettsidene til den aktuelle fylkeskommunen eller ta kontakt med dei for meir informasjon.
- Frist for å levere listeforslaget er 31. mars kl. 12.00. På dette tidspunktet må listeforslaget ha nådd fram til valstyret i fylkeskommunen. For parti og grupper som ikkje kjem inn under reglane om forenkla behandling, må det samlast inn eit visst tal underskrifter på listeforslaget frå personar med røysterett i det valdistriktet lista skal stille.
- Underskriftene er underlagde teieplikt og skal ikkje offentleggjerast
- Ei oversikt over fødselsdatoen til kandidatane må følgje ved listeforslaget
Utfylling av listeforslag
Ferdig bretta består malen av to sider for standard (A4). På sida med listekandidatar skal dette stå:
- Overskrifta på listeforslaget
- Kva valdistrikt det tilhøyrer
- Kva val det gjeld for
- Kandidatane som stiller til val
På påfølgjande side(r) skal listeforslaget underskrivast. Den som skriv, må føre opp:
- Fullstendig namn
- Bustadadresse med postnummer
- Fødselsdato
- Signatur
Alle som stiller listeforslag, skal ha ein tillitsvald og ein varatillitsvald. Tillitsvalde har mynde til å forhandle med valstyret i fylkeskommunen om endringar på listeforslaget. Kven dette er, skal opplysast på listeforslaget:
- Før opp «tillitsvald», eller «vara» ved namnet til vedkomande
- Dette bør vere dei to øvste underskriftene.
- Dersom fleire underskrivarar skal fungere som tillitsvalde, med høve til å trekkje attende listeforslag, bør dette også opplysast i listeforslaget. Kontaktopplysningar til dei tillitsvalde bør opplysast
Dersom listeforslaget ikkje oppfyller krava i lova, skal valorganet og listestillaren prøve å få listeforslaget i samsvar med lova.