Røyste ved brevpost

Dersom du er ein stad i utlandet der det ikkje er mogleg å oppsøkje ein røystemottakar, kan du førehandsrøyste ved brevpost.

Publisert:

Du kan be om å få tilsendt nødvendig offisielt valmateriell frå dei fleste norske utanriksstasjonar, slik at du kan sende røysta di i posten frå der du er.

I somme tilfelle er det likevel ikkje mogleg å få tak i offisielt valmateriell. Du kan då bruke blanke ark som røystesetel.

Du må i tillegg ha tre konvoluttar. Du kan bruke heilt alminnelege konvoluttar, men det er ein fordel om dei har ulik storleik. Av omsyn til at det skal vere hemmeleg val, bør du unngå å bruke konvoluttar med namn på selskap, organisasjon eller liknande. Røystegjevinga blir likevel ikkje forkasta dersom ein slik konvolutt er brukt.

Sidan konvoluttane har kvar sin funksjon, har dei ulike namn:

  • Røystesetelkonvolutten legg du røystesetelen i.
  • Omslagskonvolutten bruker du til å registrere nødvendige opplysningar om deg som gjev røysta di, og til å leggje røystesetelkonvolutten i.
  • Sendingskonvolutten bruker du til å leggje omslagskonvolutten i, og bruker han deretter til å sende røystegjevinga di til den kommunen i Noreg der du er innført i manntalet og har røysterett.

På det blanke arket du bruker som røystesetel, må du skrive:

  • Kva for eit parti eller gruppe du røystar på.
  • At røysta er gjeven til stortingsvalet 2021 i ... kommune (her må du skrive namnet på den kommunen der du deltek i valet/ har røysterett)

Framgangsmåte for røysting ved brevpost

  1. Gjer ditt val av parti eller gruppe.

    Nyttar du ein offisiell røystesetel, kryssar du av for parti eller gruppe. Dersom partiet eller lista du ønskjer å røyste på ikkje er oppført på setelen, kan du skrive namnet på partiet/lista nedst på røystesetelen på tilvist stad. Nyttar du eit blankt ark, skriv du namnet på parti eller gruppe, og at røysta di gjeld stortingsvalet 2021.
  2. Legg røystesetelen i ein røystesetelkonvolutt. Konvolutten bør limast att.
  3. Legg røystesetelkonvolutten i ein omslagskonvolutt, og lim att omslagskonvolutten. Er omslagskonvolutten open, blir røystegjevinga forkasta og ikkje talt.
  4. Før på nødvendige opplysningar på omslagskonvolutten: Nyttar du ein offisiell omslagskonvolutt for førehandsrøystegjeving utanriks – skriv nødvendige opplysningar på omslagskonvolutten nøyaktig og forståeleg. Det er særleg viktig at namn, fødselsnummer (fødselsdato + personnummer, 11 siffer) og (eventuelt tidlegare) bustadadresse i Noreg er riktig.

    Nyttar du ein vanleg konvolutt som omslagskonvolutt, må du skrive følgjande opplysningar på konvolutten:

    «Til valstyret i ................................. kommune» (Her skriv du inn namn på kommunen der du er folkeregisterført som busett i Noreg).

    adresse til den kommunen der du er folkeregisterført/kommunen der du sist var folkeregisterført som busett

    Her finn du adressene til alle valstyra.

    tid og stad for stemmegjevinga

    ditt fulle namn (eventuelt også tidlegare namn) og fødselsnummer (fødselsdato + personnummer, 11 siffer)

    adressa di i Noreg 30. juni i 2021, eventuelt siste folkeregisterførte bustadadresse i Noreg dersom du har meldt flytting til utlandet

    Registrert som busett i utlandet i meir enn 10 år før valdagen?

    Har du vore registrert busett i utlandet i meir enn 10 år før valdagen, søkjer du samtidig med røystegjevinga om innføring i manntalet i den kommunen der du sist var folkeregisterført som busett. Du må også forsikre at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden kan skrivast utanpå den vanlege konvolutten du nyttar som omslagskonvolutt på følgjande måte:

    «Eg søkjer med dette om innføring i manntalet i den kommunen i Noreg der eg sist var folkeregisterført som busett. Eg forsikrar at eg er norsk statsborgar.»

    at du førehandsrøystar ved brevpost (brevrøystegjeving utanriks)

    Dersom det er mogleg, bør eit vitne stadfeste at det som er påført omslagskonvolutten, er korrekt. Namn, fødselsdato og adresse til vitnet skal førast på omslagskonvolutten. Det er ikkje krav om at vitnet er norsk statsborgar. Vitnet stadfester av det som er påført, er korrekt ved å underskrive på omslagskonvolutten. Det er ikkje pålagt med vitne.

    Skriv underskrifta di på konvolutten. Du stadfester då at opplysningane du har gjeve, er riktige.
  5. Legg omslagskonvolutten i ein sendingskonvolutt, og adresser sendingskonvolutten til valstyret i den kommunen der du er folkeregisterført/kommunen der du sist var folkeregisterført som busett.

Røystegjevinga er no klar til å sendast med posten til Noreg.

Frist

For å bli godkjent må røystegjevinga vere send innan 3. september og kome fram til valstyret i kommunen innan kl. 17.00 tysdag 14. september.