Røyste heime

Veljarar som på grunn sjukdom, uførleik eller isolasjonsplikt grunna covid-19 ikkje kan røyste i eit vallokale, kan søke kommunen om å røyste heime eller der dei er.

Oppdatert:

Når ein tek kontakt med kommunen for å røyste heime, må ein derfor opplyse om årsaka til at ein ønskjer å nytte seg av dette tilbodet. Det er likevel ikkje eit krav om dokumentasjon. Det held derfor å fortelje kommunen kvifor du ønskjer å røyste heimefrå.

Veljarar i isloasjon skal informere om isolasjonsplikta i søknaden, slik at kommunen kan planleggje med smittevernutstyr når røysten skal tas i mot.

I perioden for førehandsrøysting kan veljarar som er pålagde karantene eller isolasjon grunna covid-19 søkje om å røyste der dei oppheld seg. Dette gjeld til dømes for veljarar som oppheld seg i ein annan kommune enn den dei er manntalsført i. 

Etter førehandsrøysteperioden kan veljarar i karantene og isolasjon som oppheld seg i kommunen dei er manntalsført i, søkje om å røyste heime heilt fram til klokka 10 på valdagen.

Korleis søkjer ein om å få røyste heime?

Du søkjer til kommunen om å få røyste heime. Det er likevel ingen krav om at søknaden må vere skriftleg. Det held å ta munnleg kontakt med kommunen din og opplyse at du ønskjer å røyste heime.

Når må eg søkje om å røyste heime?

Fristen for å søkje om å røyste heime eller der du oppheld deg er kl. 10 den 10. september.

Er du pålagd isolasjon grunna covid-19 kan du søkje fram til kl. 10.00 på valdagen om du røyster i kommunen du er manntalsført i.

Rettleiing

Når du skal gje røysta di, vil valmedarbeidaren forklare korleis dette går føre seg. Valmedarbeidaren kan også svare på eventuelle spørsmål du måtte ha, eller syte for å finne svar på spørsmåla dine.

Assistanse og hjelp i valavlukket

Valmedarbeidarane kan vere til hjelp med den assistansen du måtte ha behov for. Ein valmedarbeidar kan forklare deg rutinen for å gje røysta di. Medarbeidaren kan også gje deg rettleiing i kva parti som stiller til val.

Dersom du treng assistanse for å gjennomføre røystegjevinga, kan valmedarbeidaren også hjelpe deg med dette. Det er opp til deg kva du treng assistanse til. Kanskje treng du assistanse under heile røystegjevinga, eller kanskje held det at valmedarbeidaren les opp alle partinamna for deg? Valmedarbeidaren har teieplikt dersom vedkomande skulle få innsikt i kva og kven du ønskjer å røyste på.

Slik går røystegjeving heime føre seg

Å gje røysta si heime går føre seg nesten på same måte som i eit vallokale:

  • Valmedarbeidarane har med seg nødvendig utstyr, inkludert eit røystesetelsett med alle parti og lister som stiller i kommunen og fylkeskommunen
  • Du vel ein røystesetel for det partiet / den lista du ønskjer å gje røysta di til, og gjer eventuelle rettingar på røystesetelen
  • Valmedarbeidaren sjekkar legitimasjon, og stemplar røystesetelen
  • Du slepper røystesetelen ned i urna, og har gjeve røysta di